søndag 7. juni 2009

Ulsteindagane

7-14 juni e det altso Ulsteindagane, vil nok sei at det e det som e høgdepunktet for vik. Ulsteindagane betyr også stress! Men gøy stress :D Det blir hardtrening på stemma mi før onsdagen kjem, for på onsdagen skal ej vere med å synge samans med kulturskulen på "We Are the World", e egentli ganske dritlei den songen no, håpe det e siste gong ej skal vere med på den, med mindre det e på kongelig varieté, eller ka det heite :P Skal berre dele et vers med søte lisje Emma og so "improvisere" på slutten :P og no kom ej på at ej ikkje he lært mej det verset enda :S Okå, då får ej bjynde på det no!

På fredagen skal ej på "date" me na Anders. Vi skal på storbandkonsert der Gisle Børge Styve, Åse Styve og Sølve Styve Sæbø skal synge. Det gler ej mej til å sjå! E nesten litt misunnelig på na Sølve. Ej elska storband, å he sooo lyst til å synge med et! Håpe det skjer en vakker dag :P

På laurdagen e virkelig den store dagen for mej. Då e det "Back to the 70's"! Skal synge "Soley Soley" med sjølvaste Ulstein Tensing som kora, og so skal ej synge "The Winner Takes it All". Ej e ganske spent på begge songane. Føle mej ganske trygg på "Soley Soley" no, men på "The Winner Takes it All" spørs det om ej he en god dag eller ikkje, og teksta e veldi lett å stokke i hop :(. Ej føle at stemma mi he blitt dårligare enn den va før, ej he lettare for å bli nasal eller låk i halsen, and that is definatly not good. So ej ligge virkelig inn for hardtrening. Og so må ej prøve å holde mej vekk frå pollen og prøve å ikkje blir forkjøla.

And guess what! Syskebarnet mitt kjem, dattra til Tomas. Gler mej til ho kjem, ho e so kosli :)

Ej he et lite problem da, ej veit ikkje ka ej skal ha på mej på 70-talsshowet. Ej va på Moa på laurdag. Ej hadde et skjørt ej skulle ta utgangspunktet frå og finne tilbehør til det, men det va rett og slett umulig. So va ej innom den siste butikken som va igjen, trur det va Voice of Europe, og der va den nydeligaste sommarkjole ej noken gong he sett (etter min smak :P)! So den måtte ej berre ha, og dan kosta berre 200 kr :D Belte ej skøpte at med va dyrare :P Men ej veit ikkje heilt om ej skal bruke den, den e kanskje litt for staselig, og dessuten sa butikkdama at den va 50-tals. So no grubla ej litt. Kanskje ej burde bruke den kjolen på storbandkonserten, sia storband va på 50-talet :)

Vi får sjå ka det blir på laurdag :P

fredag 5. juni 2009

Lappeeeenn....

Åkej... he et liite dilemma... Ej føla presse til å ta lappen, men ej e egentlig ikkje so gira på det sjølom det kunne ha vore kjekt likevel. Ej må lage nokre punkt...
(Ej e et listemenneske)

  1. Grunn til å ta lappen: Den e skikkelig praktisk å ha, sånn at ej kan kome mej ut når som helst og køyre so longt ej vil.
  2. Grunn til å ikkje ta lappen: Den e rådyr, etter mitt budsjett. Ej he faktisk råd til den, men då går ej glipp av andre ting som ej hadde elska å fått hendene i, som et keyboard eller et el.piano og diverse bøke som ej berre he nødt til å lese.
  3. Grunn til å ta lappen: Noken gonga blir ej so sur og deprimert av å vere her ej e at ej he lyst å berre fare longt vekk herifrå, og då e bilen et perfekt framkomstmiddel, ekstra pluss viss den he et godt musikkanlegg.
  4. Grunn til å ikkje ta lappen: Ej e livredd for å feile! Ej hata å feile. Ej he dårlig sjøltillit nok som det e, og viss ej gjer noke meir som svekka sjøltillita mi, må ej nok gå til psykolog.
  5. Grunn til å ta lappen: Ej e 18 år, alle andre teke lappen, og ej blir en smule misunnelig og føle press på mej.
  6. Grunn til å ikkje ta lappen: Viss ej fe lappen, e ej nesten heilt nødt til å skaffe mej bil, for ho mamma fer ofte ut en annen plass når ej også skal ut. Og då blir det svindyrt med veiavgift, forsikring osv., og ikkje minst bensin, og det kjem til å ribbe av mej penga! Og dessuten forurensa det miljøet, og ej fe dårlig samvittigheit av det, utrulig nok.

Folk vil nok sei at ej he store problem, ikkje med lappen, men at ej burde oppsøke psykolog eller noke, på grunn av ditte innlegge. Ej kan godt sei mej einig. Ej trenge en del rådgiving ;)

mandag 1. juni 2009

Borgarøya <3


Mine topp 5 heimstader:
1. Gjerde, Eiksund
2. Borgarøya
3. Kjeldsund
4. Stryn
5. Nakhon Pathom, Thailand


Med dette må eg kanskje uttrykkje at ein heim er ikkje ein stad, det er ein følelse. Eiksund er eigentleg ikkje så interesant å snakke om, eller… Eg kan vel skrive om Eiksund ein annan gong, kanskje neste gong, viss ikkje noko anna aktuelt oppstår.


Men i dag vil eg prate om Borgarøya, min andre heim, der pappa vaks opp og alle søskena hans vaks opp. Det har vore litt strid med oppdelinga av eigendommen på Borgarøya, men det er endeleg blitt oppklart, og vi kan leve i harmoni ;) Grunnen til at dette er min andre heim er nok ikkje berre på grunn av at pappa vaks opp her, det er fordi når eg kjem til øya, opplever eg ein slags unik ro i meg. Her kan eg slappe av utan at nokon avbryt meg. Sitte ute i sola på hverandaen min og lese ei god bok, eller berre sitte å filosofere, og høyre bølgjeskvulpa under meg.


Men så er det ikkje berre berre å ha ei hytte. Det er nokon gongar uhorveleg kjipt å måtte klippe plenen og lignande. Å måle hytta eller pusse opp, synes eg er heilt greit, men å klippe plen og støvsuge hytta er noko herk. Eg møter alltid på ein edderkopp eller ein svart snigle! Eg får frysningar av å tenkje på dei! Dei er berre så ekle!


Alt i alt er eg mest gla for å ha ei hytte på Borgarøya. Edderkoppane og sniglene taper når det kjem til at eg absolutt tør å påstå at dette er plassen eg klarer å slappe av mest. Det er ikkje noko internett der, noko som oftast gjer det veldig vanskeleg for meg å gjere innleveringar av skulearbeid, så då slepp eg dermed å tenke på det. Og å sove der… Det er himmelsk, eg veit ikkje kvifor eg søv så mykje betre der, men det er ikkje sunt å fundere for mykje på det…


Det er så mykje meir eg kan skrive om Borgarøya, men no gidd eg rett og slett ikkje skrive meir, blir litt rastlaus av å blogge :P