mandag 1. juni 2009

Borgarøya <3


Mine topp 5 heimstader:
1. Gjerde, Eiksund
2. Borgarøya
3. Kjeldsund
4. Stryn
5. Nakhon Pathom, Thailand


Med dette må eg kanskje uttrykkje at ein heim er ikkje ein stad, det er ein følelse. Eiksund er eigentleg ikkje så interesant å snakke om, eller… Eg kan vel skrive om Eiksund ein annan gong, kanskje neste gong, viss ikkje noko anna aktuelt oppstår.


Men i dag vil eg prate om Borgarøya, min andre heim, der pappa vaks opp og alle søskena hans vaks opp. Det har vore litt strid med oppdelinga av eigendommen på Borgarøya, men det er endeleg blitt oppklart, og vi kan leve i harmoni ;) Grunnen til at dette er min andre heim er nok ikkje berre på grunn av at pappa vaks opp her, det er fordi når eg kjem til øya, opplever eg ein slags unik ro i meg. Her kan eg slappe av utan at nokon avbryt meg. Sitte ute i sola på hverandaen min og lese ei god bok, eller berre sitte å filosofere, og høyre bølgjeskvulpa under meg.


Men så er det ikkje berre berre å ha ei hytte. Det er nokon gongar uhorveleg kjipt å måtte klippe plenen og lignande. Å måle hytta eller pusse opp, synes eg er heilt greit, men å klippe plen og støvsuge hytta er noko herk. Eg møter alltid på ein edderkopp eller ein svart snigle! Eg får frysningar av å tenkje på dei! Dei er berre så ekle!


Alt i alt er eg mest gla for å ha ei hytte på Borgarøya. Edderkoppane og sniglene taper når det kjem til at eg absolutt tør å påstå at dette er plassen eg klarer å slappe av mest. Det er ikkje noko internett der, noko som oftast gjer det veldig vanskeleg for meg å gjere innleveringar av skulearbeid, så då slepp eg dermed å tenke på det. Og å sove der… Det er himmelsk, eg veit ikkje kvifor eg søv så mykje betre der, men det er ikkje sunt å fundere for mykje på det…


Det er så mykje meir eg kan skrive om Borgarøya, men no gidd eg rett og slett ikkje skrive meir, blir litt rastlaus av å blogge :P

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar